Ski frå Osterfjorden
  Båthus

  Fiske

  Båtar

  Gardshus

  Kyrkjer

  Biler  
  
  Ski    

  Musikk
   
  Andre  
  kulturminne  
 
  Om heimesida

 

 

 

 

 

 



 

Eit stykkje inni Osterfjorden vert fjella noko høgare og fjorden trongare. Klimaet vert kaldare her inne og det legg seg meir snø og is vinterstid. Dette kjem m. a. tydeleg til uttrykk i skiregistreringane. På ein del av gardane vart det registrert ein alderdomleg skitype som nokon av informantane kalla for isa-ski. Skia har mykje til felles med eit par gamle ski som vart funnen for ei stund sidan i Vossaskavlen der skimaterialen er datertert til 1200-talet. Desse spesielle isa-skia som elevar ved Ostereidet barneskule registrerte, skil seg klart frå dei nye og meir moderne skitypane som kom i bruk utover 1900-talet

 

 

 

 

 

 

 


Skia er av bjørk og vart målte til ein lengde på 196,5 cm. Lengden på sjølve reset og tuppen er 78 cm. Breidden på skia vart målt slik: framme 89 mm, midten 80 mm og bak 74 mm. Tjukkelesen vart målt i millimeter og var slik:
framme 5 på midten 25 og bak
10 millimeter.

 

 

 

 

 

 


Enkel vidjebinding av bjørkerenning.

 

 

 


 

Skia er flate på undersida utan
styrerand.

 

 

 


Dei lange skituppane framme har vore brukt på fleire måtar. Ein av informantane fortel at dei kunne knyta taug i skituppane for å få betre styring når dei gjekk på sjøis eller hard snø (jamfør Molvik). Det vert og fortald at nokon brukte skia til varekjelke men dei kunne og bruka dei som kjelke på isen og staka seg fort fram med to piggstavar. Ein annan informant brukar uttrykket "hodn" om den lange tuppen og at "dei drog dei ette hodne opp bakkane" (jamfør Veland). Ein tredje informant fortel at borna brukte ofta taug på tuppane til å styra med når dei leika i skibakkane. Lokalt kalla dei det for "snørekjøring".

 

Frå Osterfjorden

Heimalaga bjørkeski

Indre Osterfjord

Kulturknask