Velkomen til Kulturknask
  Båthus

  Fiske

  Båtar

  Gardshus

  Kyrkjer

  Biler  
  
  Ski    

  Musikk
   
  Andre  
  kulturminne  
 
  Om heimesida

 

 

 

 

 

 

Gamalt tømmernaust med gråsteinsmur i eine enden. Dei gamle tømmernausta hadde ikkje bordkledning, tømmeret var både konstruksjon og kledning på ein gong. Dette gamle naustet står i eit (tidlegare) skoglaust lyngheilandskap i ytre strok av Nordhordland.

På fjellgarden Dyrkolbotn i Nordhordland har naustet vore ein viktig bygning i gardsdrifta. Her i naustet ved Fossvatnet, stod ferga (ein flatbotna båt) som gardsfolket brukte når dei skulle mjølka kyrne som gjekk å beita inni fjellet.


Kvednavatnet høyre til garden Litle Matre i Masfjorden.I eine enden av Kvednavatnet står murane etter to naust. Ser ein nøye etter, ser ein restar etter ei ferge i kvart av nausta. Truleg vart fergene nytta til transport av mjølkeprodukt frå stølinga på Litle Matrestølen.

Gamal naustruin med restar etter stølsferjo.
 
Kulturknask