Velkomen til Kulturknask
  Båthus

  Fiske

  Båtar

  Gardshus

  Kyrkjer

  Biler  
  
  Ski    

  Musikk
   
  Andre  
kulturminne  
  Andre
  prosjekt

  Om heimesida

 

Kulturknask er namnet  på  heimesida mi .Her vil eg formidla smaksprøvar frå diverse kulturminne-prosjekt eg har arbeidd med dei siste tiåra. Det kan t.d. vera om gamle bygningar, båtar, ski, reiskapar, materialkunnskap, handlingsbåren kunnskap  eller anna kulturelt knask.  
Dersom du i menyen til venstre klikkar på andre prosjekt ,får du opp ein lang meny på Miljølære.no sin nettportal med reportasjar frå ulike dokumentasjons- og formidlingsprosjekt eg har arbeidd med.
Her kan du også gå inn på lenka til Masfjorden kommune si nettutstilling av gamle båtar og ferjer :  http://www.masfjorden.kommune.no/batsamling/index.html
Eg har også laga ein del viser som omhandlar kultur og landskapi Nordhordland som og vert lagt ut for fri lytting og nedlasting. I fyrste omgang er det viser frå desse fem cd-ane: 
Pissemauren. 
Innspelt og mastra i 1994 i A-Pro Studio (Bergen)
Heimalaga og heimabrendt.   Innspelt i 2002 i NRK- studio i Bergen.
Kugalskap.  Heimalaga i ròtståvo på lemmen i 2003.
Litt i jøto. Heimalaga i ròtståvo på lemmen i 2004.
 
Nordhordlandskoden. Heimalaga i ròtståvo på lemmen i 2005.

 
Kulturknask  Epost:arhoy@online.no