![]() |
||
| Uteløer | ||
|
Båthus Fiske Båtar Gardshus Kyrkjer
|
![]() På fjellgardane i indre strok av Nordhordland har uteløa vore ein viktig bygning. Uteløa vart særleg nytta til å lagra uteslåtten i, d.v.s. graset i som dei slo i utmarka. Løene kunne og nyttast til å lagra bjørkebork i når dei låsta (flekte) never Ein gard kunne ha mellom fem og ti løer som stod rundt omkring i utmarka. I Nordhordand er det i hovudsak to konstruksjonar som har vore nytta og det er grindverk eller tømmer (laft). Men det er og døme på at uteløene er mura i gråstein. Løa på bilete er tømra og står på garden Mæland i Evanger (Voss) ![]() Ei uteløa på Bergo i Eksingedalen som er tømra. Materialen er bjørk ![]() ![]() På ein stokk i veggen har eigaren ? rissa inn forbokstavane sine |
|
| Kulturknask | ||